Min mormor vokste opp på Venøy
Min mormor var en dame som satte pris på livet og levde i øyeblikket. Hun var blid, arbeidsom og alltid positiv. Jeg vet at verden hadde vært et bedre sted om vi alle hadde vært som min mormor. Min mormor fikk leve et langt liv, og selv om vi fikk høre mange fine historier tror jeg nok at hun bar på mer i sitt hjerte enn det vi fikk høre om. Hun ble født på Barmen og vokste opp på Venøy, men allerede i tidlig alder måtte hun ut i tjeneste. Etter at hun giftet seg bodde hun på Kvalheim og senere på Raudeberg. Jeg har gode minner fra huset på Raudeberg, der vi lekte på loftet (og tømte alle skap for utkledningsklær) og gikk “nord i vikja” for å handle lørdagsgodt. Store deler av mine ungdomsår og nesten helt til hun døde bodde hun i leilighet hos mamma og pappa i Måløy. Mormor ble nesten 98 år gammel.
I et nostalgisk øyeblikk etter en tur til Venøy kom jeg til å tenke på et intervju jeg gjorde med min mormor i 1993, den gangen var jeg 15 år og mormor var 78 år. Og i en kasse med gamle skatter fant jeg det jammen igjen. Det ble et fint gjensyn og jeg er ikke i tvil: Historie er viktig, både vår egen og den som blir oss fortalt! Alt er relativt, også livet. Å forstå seg selv og sitt eget liv; å være takknemlig for det som er og vite at alt er i endring er avhengig av at man kjenner sin historie og reflekterer over det som har vært.
Korleis var livet for barn og ungdom i utkant Norge før II Verdens krig?
Intervjuobjekt: Astrid Kvaliheim
Av: Rutt-Lovise Sætren
Dato: 29.04.93
Mormor voks opp på Venøy, ei øy i Selje kommune. Øya var inndelt i fire gardsbruk, men det var både kronglete og vanskeleg å besøke kvarandre. Dei måtte enten bruke båt fra det eine neset til det andre, eller klatre over knausar og gå langs sjøkanten. Dette kunne bli farleg for små ungar derfor var det ikkje så ofte dei fekk besøke kvarandre, men desto større var gleda når dei kom saman.
Eg vil no intervjue mormor om korleis livet var for barn og ungdom på den tida. Spesielt korleis det var å bu på ei øy.
Kva leika de med som små ungar?
- Vi lagde hus av trekasser, og fann “rosesteinar” og kuningar som vi brukte til kyr og sauar. Ellers sprang og hoppa vi frå knaus til knaus, vi fann alltid på noko å gjere. Men det var nok ikkje bare leik, seier ho og smiler.
- Eg hugsar den første svela eg steikte, då var eg 6 år, og eg gret fordi eg ikkje fekk det til.
Vart de mykje påpassa av foreldra når de budde så nær sjøen?
- Ja, vi hadde ei bestemor som var svært redd for oss, og det var for det meste ho som passa oss. At vi vart så strengt påpassa når vi lekte ved og i sjøen gjorde at vi 5 søskena aldri lærte oss å symje. Ein gong vart eg lova juling fordi eg gjekk ned i båten åleine, men det vart det heldigvis ikkje noko av.
Kvar gjekk du på skule?
- Eg gjekk på Sandvik skule, den skulen er i dag museum.
Korleis var det å kome seg til skulen når de budde på ei øy?
- Vi reiste med robåt frå heimen kl.8.00 om morgonen til fastlandet og gjekk resten av vegen til skulen som starta kl.9.00. Vi gjekk tre veker i strekk på skulen og hadde tre veker fri, men om veiret var dårleg måtte vi halde oss heime.
Kan du huske ei spesiell episode fra den tida du gjekk på skule?
- Ja, det må være den første stil-oppgåva mi. Vi skulle skrive om skipsmasta’s liv og verken eg eller nokon i familien kunne kome på noko eg kunne skrive. Men akkurat då hadde vi besøk av nokre sjømenn og den eine av dei ville gjerne hjelpe meg med oppgåva og eg lot han skrive den. Problemet var at han skreiv på riksmål og vi hadde landsmål. Så når eg skulle skrive av stilen skreiv eg på riksmål og vart så leis merka av læraren.
Var du med på noko anna utanom skulen?
- Vi reiste til kyrkja kvar søndag, og vi gjekk heile lørdagen og gleda oss til det. Ellers var det juletrefest i jula og 17.mai fest i skulehuset.
Kva livnærte foreldrene dine seg på?
- Vi dreiv gardsbruk og dreiv en del med fiske. Då far var i Amerika i 4 år hadde vi ein dreng som gjorde hans arbeid. Vi hadde ikkje mykje, men vi hadde det godt likevel og vi hjalp dei som hadde mindre.
Korleis feira de jul?
- Vi hadde alltid juletre med levande lys og gjekk rundt treet til halve lysa var nedbrent. Resten sparte vi til nyttårsafta. Til mat hadde vi tørka svine- og fåreribbe. Som snop fekk vi ei halv appelsin kvar, nøter og vi hadde og sjokolade. Når vi la oss julekvelden tok vi med oss restane av snopet og eit lite lys til sengs. Når vi vakna neste morgon tende vi lyset og kosa oss med snopet.
Kor lang skulegang fekk de?
- Vi fekk bare gå på skulen i 7 år av økonomiske grunnar og vi måtte ut i teneste.
Kor gamal var du når du fekk din første jobb?
- Eg var 16 år.
Korleis var det å reise frå heimen så ung?
- Det var hardt. Både eg og mor grein då eg dro ut i mi første teneste.
Korleis var di første teneste?
- Mi første teneste var på eit gardsbruk. Eg måtte hjelpe til både ute og inne. Vi gjekk på fjellet og skar trov, og bar det på ryggen ned igjen. Høy som vi slo vart også bore på ryggen. Vi jobba frå tidleg morgon til seine kvelden og vi fekk ikkje fri midt på dagen. Eg måtte vaske opp etter middagen, skure golv og bake brød når det trongst. For dette fekk eg 15 kroner i månaden. Etter 4 månadar slutta eg og vart henta heim, då hadde eg opptent 60 kroner. Dette var i dei harde tredve-åra.
Er det noko du hugsar spesielt godt fra tida di som tenestejente?
- Det var i den siste tenesta. Eg var i teneste på Nordfjordeid og etter eit års arbeid skulle eg få fri. Eg var på veg heim då eg vart stoppa og fekk melding om at det va brutt ut kampar i Måløy. Det var Måløyraidet. Det blei ingen ferie på meg og det tok eit heilt år til før eg reiste heim att.
Mormor ser bort på meg og smiler. Ho er sprek og hugsar godt, og ho er ei dame med glimt i augo. Og når eg sit og ser på ho slik veit eg med meg sjølv at ho har hatt eit godt liv. Sjølv om det har vært hardt til tider.
Det må ha vært ei hard tid for alle, ikkje minst for borna og dei som ikkje hadde så mykje pengar. Ungdom i dag hadde nok hatt godt av å levd slik ei stund, men ettersom dei er blitt vandt med det livet dei lever i dag trur eg nok ikkje dei hadde klart å leve slik resten av livet.
Slutt